OM OSS
Vi er tre gutar frå Nordfjordeid som har bestemt oss for å satse på noko vi verkeleg brenn for – Pokémonkort. Det som starta som ei felles interesse og hobby, har no blitt til ein nettbutikk der vi vil dele lidenskapen vår med andre.
For oss handlar Pokémon ikkje berre om kort, men om samling, nostalgi, spenning og det å kunne dele interessa med andre. Vi veit kor kjekt det er å opne ein ny pakke eller endeleg få tak i eit kort du har leita etter lenge – og det er akkurat den kjensla vi ønskjer å gi vidare.
Vi er i starten av reisa vår, men vi jobbar hardt for å byggje ein trygg og seriøs nettbutikk med gode produkt og god service. Målet vårt er enkelt: å lage ein butikk vi sjølve hadde hatt lyst til å handle frå.
Takk for at du støttar oss og er med på å gjere draumen vår til verkelegheit.